Flyttar renn frå Volda til Ullsheim

  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Grunna utfordrande snøforhold i Volda er krinsrennet laurdag og krinscupfinalen søndag i skiskyting flytta til Ullsheim og Markane. Det melder Sogn og Fjordane skiskyttarkrins.

Arrangementet vil Volda Turn og Idrettslag stå for. Fleire stader i fylket er det lite snø, men forholda på Ullsheim er framleis gode trass snøsmeltinga siste vekene.