Johannes tok gull med "tidenes kanttreff"

Full utteljing: Gullfangsten har vore upåklageleg så langt i VM for Johannes Thingnes Bø. To gull på to startar!   Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Johannes Thingnes Bø kunne innkassere sin andre gullmedalje på like mange forsøk då herrane gjekk sprint laurdag kveld. Johannes opna som vanleg med ein god førsterunde og følgde opp med fullt hus på liggande skyting, med det NRK sin skyteekspert, Ola Lunde, skildra som "tidenes kanttreff".

Johannes gjekk ein svært sterk mellomrunde og trass ein bom på andre skyting gjekk han ut i tet, ca 6 sekund føre franskmannen Fillon Maillet. Den leiinga auka han med ytterlegare 11 sekund til mål. Alexander Loginov kom på eit seinare startnummer og overtok andreplassen, ca 13 sekund bak Bø. Det etter å ha leia med eit lite sekund ut frå siste skyting.

- Godt og lettande å innfri, smilte gullvinnaren til NRK etter løpet.

- No byrjar eg å gå gode sisterundar og, så no byrjar eg utvikle meg.

- God, gammaldags sprekk

Tarjei Bø opna også sin sprint særs godt. Bra fart i sporet og fullt på første skyting teikna godt for 30-åringen. Men på den ståande serien kom det to bomskot på rappen. Men Tarjei har tydelegvis ei bra langrennsform inne og gjekk ein god sisterunde. Han vart til slutt nummer 13, 1.05 bak veslebror Bø.

- Eg hadde lyst til å gå "all in" og låg bra an, men fekk ein god, gammaldags sprekk. Eg begynte bra og hadde gode bein å stå på, men vart kanskje litt ivrig på fjerde skuddet, sa Bø til NRK.

I morgon skal det gåast jaktstart i Östersund.