Kameraten sitt foto av speedometeret felte råkøyrar:

Nordfjording dømd til 120 dagar i fengsel

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i 120 dagar, med ei prøvetid på to år, etter fleire forhold. Blant anna skal mannen ha køyrt i 210 km/t gjennom den 6,5 km lange Kvivstunnelen.

Ein mann frå Nordfjord i 20-åra må bu seg på 120 dagar i fengsel etter fleire lovbrot. Mellom anna for å ha køyrt i 210 km/t i Kvivstunnelen.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Det var i januar 2017 at mannen skal ha råkøyrt gjennom Kvivstunnelen. Med seg hadde mannen to kameratar, der ein av dei hadde teke bilde av speedometeret, som viste 210 km/t i 80-sona gjennom tunnelen.

Mannen erkjente at bildet var av hans speedometer og retten var med det overbevist om at mannen heldt ein fart på minst 180 km/t, etter å ha trukke frå ein sikkerheitsmargin på 30 km/t.

Ein av passasjerane fortel at bilen byrja «gå sidelengs under nedbremsing», og personen tykte det var ein skummel situasjon.

Sladda over tærne til ein person

Nordfjordingen vart også funnn skuldig i å køye over tærne til ein mann som oppsøkte bilen, då han sladda rundt på ein parkeringsplass. Nokre dagar seinare slo nordfjordingen ned same person.

Mannen, som tidlegare er ustraffa, vart også dømd for fleire skadeverk mot bilar som tilhøyrde andre.

I tillegg til fengselsstraffa, må mannen klare seg utan førarkort i 36 månader.