Tarjei var nærme eit toppløp på sprinten

- Er veldig offensiv for resten av VM

Trass 13. plass opplevde Tarjei Bø sprintløpet som ei i all hovudsak positiv oppleving, og er offensiv for resten av VM. 

Nyhende

Fram til to siste skota var Tarjei Bø med i medaljekampen i laurdagens sprint i Östersund, men to strafferundar heldt ikkje til meir enn ein 13. plass i det tøffe selskapet. Han tek likevel med seg mykje positivt frå gårsdagens løp.

- Det var ein god konkurranse lenge, og så vart det nokre bomskot på slutten som gjorde at eg rasa litt nedover på lista. Men eigentleg ei god oppleving og eg er veldig offensiv for resten av VM, seier Tarjei Bø til Fjordingen.

Han er klar på at det er først og fremst prestasjonen med geværet som vil vere avgjerande for hans resultat på søndagens jaktstart. 

- Eg må vere offensiv ut og må skyte bra. Det er på standplass det blir avgjort for meg dersom eg skal klatre på lista.

Tarjei går ut 1,05 min. bak veslebror Johannes.