Joanna klar for Bylags-NM

NM i Stavanger: Joanna Kveen Øvre-Flo gler seg til neste helg. Då ventar Bylags-NM i Stavanger for den snart 16 år gamle jenta frå Stryn. 

Nyhende

Joanna Kveen Øvre-Flo (snart 16 år) er ein av fire jenter frå fylket som er utteken til å spele NM for bylag i handball neste helg.

Etter fleire samlingar, der i utgangspunktet 30-40 spelarar kniva om dei 24 plassane, var strynespelaren litt usikker før uttaket. NHF Region Vest stiller med to jentelag, kvar med 12 spelarar.

- Spesielt frå Bergen er det mange gode, seier handballtalentet. Også Abdulbaset Aljajeh, busett i Stryn men spelar for Dale i Sunnfjord, er utteken på gutelaget til Bylags-NM i Stavanger.

Stryning på Dale: Abdulbaset Aljajeh er utteken til eit av Region Vest sine to gutelag i Bylags-NM i handball. Han bur i Stryn men spelar for Dale i Sunnfjord.  Foto: Thomas Thaule

 

Satsar også friidrett

Joanna hevdar seg også godt innan friidrett. I helga var det Strynehalleikane som stod på programmet . Der vart det 6,15 på 40 meter. Sjølv om ho brukar mykje tid på handball ser ho føre seg å delta i friidrett denne sommaren også.

- Ja, no skal eg trene meg opp så eg kan vere med og hevde meg, smiler den kjappe strynejenta, og dreg fram Tyrvingleikane som eit av sesongens høgdepunkt.