Kjøp elsykkel med støtte frå fylket

No kan både privatpersonar, verksemder og kommunar i fylket søkje fylkeskommunen om støtte til kjøp av elsykkel.

Elsykkel: Ein kan no søkje fylkeskommunen om støtte til kjøp av elsykkel.   Foto: Eric Sadorge

Nyhende

– Vi har sett av 200.000 kroner til dette føremålet, og håpar så mange som mogleg blir med og reduserer bilbruken ved å kjøpe seg ein elsykkel. Vi kjem til å prioritere tilskot til kjøp av elektriske laste-, transport- og passasjersyklar, men folk kan også søkje støtte til kjøp av vanlege elsyklar, fortel klimakoordinator i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal i ei pressemelding.

Fylkeskommunen gir tilskot på opp til 50 prosent av det sykkelen kostar, men maksimalt 5.000 kroner per vanlege elsykkel. Ved kjøp av laste-, transport- eller passasjersykkel er maksimalt tilskot 10.000 kroner.

Fristen for å søkje om tilskot er 15. april 2019.