Rettar fokus mot dei yngre ungdomane:

Tapt leik og tapte ferdigheiter

Gym Stryn ønskjer å tette eit treningsgap dei meiner å sjå blant yngre ungdomar. No opnar dei senteret også for dei under 16 år.

Rettleiing: Gym Stryn opnar for at dei mellom 11 og 15 år kan få trene ved senteret, men då ifølgje med mor eller far. Her får Tobias Vatnehagen Flo (14) instruksjon av Siri Linn Opsahl Haugen. – Eg ønskjer å bli litt sterkare i armane og magen, seier Tobias.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

At ungar er blitt mindre fysisk aktive enn før er eit uunngåeleg faktum. Forsking viser at 9-åringen i dag aldri har vore mindre aktiv. Dette skuldast ikkje først og fremst mindre deltaking i organisert idrett, men at mykje av fritida er erstatta av meir passive aktivitetar, og der data- og mobilskjermen spelar hovudrolla. Dette får negative utslag på fleire måtar.