Vil ha kommuneoverlege for å berge bemanninga

Stryn har lenge vore utan kommuneoverlege, men no føler ein seg tvungne til å ta grep.

Naudsynt tiltak: Å få på plass ein kommuneoverlege-funksjon blir av Helse- og sosialutvalet sett på som heilt naudsynt for å sikre kvalitet og bemanning ved kontoret i Stryn. Saka skal vidare til handsaming i både formannskap og kommunestyre.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Deler av oppgåvene som sorterer under overlege-funksjonen har mellom anna vore løyst gjennom eit interkommunalt samarbeid med Flora. Dette til ein prislapp på 400.000 kr årleg. Men å ikkje har eigen kommuneoverlege vert sett på som uheldig. – Vi ser i mange samanhengar at dette ikkje er ei god løysing for å ivareta lovpålagde oppgåver, kvalitetssikring, kvalitet- og fagutvikling og stabilitet ved legekontoret, står det i saksutgreiinga.

Ikkje minst ser ein det som viktig opp mot bemanningssituasjonen. Det har over tid vore ei stor utfordring å skaffe fastlegar til kontoret, og noverande legar har peika på at dei saknar rettleiing, internkontroll og utvikling. Dessutan nokon med ekstra ansvar for planarbeid og samhandling med helseføretaket. Ein kommuneoverlege skal også jobbe med den samfunnsmedisinske stoda i kommunen.

– Vi har vel ikkje noko val

I saksutgreiinga kjem det også fram at ein av fastlegane vurderer å skifte arbeidsgjevar sidan han ønskjer fastløn og meir ordna arbeidstider. Den aktuelle legen tek også vidareutdanning innan samfunnsmedisin. Dette har ytterlegare aktualisert kommuneoverlegefunksjonen. Her ser ein føre seg fastløn i 50 prosent av stillinga medan resterande 50 prosent skal nyttast til oppfølging av pasientar og med driftstilskot som er den vanlege ordninga i dag.

Det er ikkje sett av pengar i budsjettet for 2019 og finansieringa må hentast frå disposisjonsfondet. Ut frå tala lagt fram for politikarane vil dette ha ein meirkostnad på 166.000 kr i 2019, 600.000 kr i 2020 og 200.000 kr frå 2021. Avtalen med Flora kommune kan ikkje avsluttast før ved utgangen av 2020, så ei eventuell innsparing her vil tidlegast skje i 2021. Det er også eit spørsmål om å vidareføre deler av avtalen med Flora, i så fall vil meirkostnaden samanlikna med i dag vere 400.000 f.o.m. 2021.

Då helse- og sosialutvalet diskuterte kommuneoverlegestillinga var det brei semje om å støtte dette. Astrid Hoffart (V) stilte derimot spørsmål ved korleis ein løyser den resterande 50 prosent stillinga som står att når legen går over i halv stilling som kommuneoverlege. Eit spørsmål ingen hadde eit godt svar på der og då.

– Vi har vel ikkje noko val, kommenterte Jan Træen (Ap).

Saka skal vidare til både formannskap og kommunestyre.