Forslag om ny fjellov:

Åtvarer mot å gi fjellstyra politistyresmakt

Riksadvokaten synest ikkje det er ein god idé at lokale, private fjellstyre skal føre oppsyn med snøscooterkøyring og ulovleg hyttebygging, melder Rett24.

Illustrasjon  Foto: Arkiv

Nyhende

– Eg sluttar meg fullt til Økokrims prinsipielle tilnærming i eit særs viktig spørsmål, seier riksadvokat Tor-Aksel Busch til Rett24.

Bakgrunnen er den nyleg gjennomførte høyringsrunden om den offentlege utgreiinga (NOU 2018), om forslag til ny fjellov.

Her foreslår fleirtalet ein heimel som gir private fjellstyre tilgang til å føre eit omfattande offentlegrettsleg oppsyn i statsallmenningane etter både naturmangfaldlova, motorferdselslova, friluftslova og viltlova.

Oppsynspersonellet skal kunne få avgrensa politistyresmakt for å ta vare på desse oppgåvene.

Det er usemje om forslaget. I mindretalet finn vi blant anna leiaren av utvalet, den pensjonerte høgsterettsdommaren Karl Arne Utgård.

Mindretalet skriv: "Mindretallet er betenkt over rolleblandingen som ligger i at fjellstyrene som har inntekter fra jakt og fiske med hytteutleie og annet, og som representerer bruksrettshaverne, også skal ha rollen på vegne av offentlige myndigheter med å stå for en objektiv og uavhengig håndhevelse av lovregler."

Økokrim bruker sterkare ord enn mindretalet, og kallar forslaget "svært uheldig".

(©NPK)