Fire brot på køyre- og kviletidsreglane

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen gav åtvaring til tre sjåførar og anmeldte ein fjerde for brot på køyre- og kviletidsreglane under ein kontroll ved Kjøs bru søndag kveld.

12 køyretøy vart kontrollerte. Av desse fekk og to førarar beskjed om å rydde i frontruta før dei fekk køyre vidare.