"Det umulege landet":

Lokale personar bak og framfor kamera i NRK-serie

Dokumentarserien «Det umulege landet» hadde premiere på NRK TV søndag. Bak serien står oldedølen Dag Indrebø, og i seinare episodar vil lokale personar dukke opp.

Lang fartstid: Sjåfør Kurt Isene i Thor Tenden Transport bidreg i ein av episodane i NRK-dokumentarserien Vårt umulige land. Han har jobba som sjåfør i 16-17 år og har ca 350 turar bak seg til Narvik. Ein av turane kan du vere med på i programmet søndag 24. mars.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Vi fekk i oppdrag å lage ein serie om norsk samferdslehistorie, ikkje ei fullstendig framstilling men historier frå eit land det er vanskeleg å forflytte seg i på grunn av vêr, fjordar og fjell. Så har vi i fem program ei gjennomgangshistorie som skal vise oss kvar vi står i dag, fortel Indrebø.