Russen er klar for eit nytt krafttak mot kreft

Våren er tida for den årlege innsamlinga til Kreftforeininga. I Stryn har russen utmerka seg med fantastiske innsamlingsresultat dei siste åra.

Motivert gjeng: Også årets russekull ved Stryn vidaregåande skule er klar for den årlege aksjonen Krafttak mot kreft. Søndag ettermiddag skal dei rundt i alle grendelag i Stryn og Hornindal. I tillegg til bøssene kan folk støtte via Vipps og digital innsamling. Link finn ein på skulen si facebookside.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Tema er kreft med låg overleving. Pengane frå årets aksjon skal først og fremst gå til kreftforsking som kan sikre at fleire overlever, og i tillegg betre kvardagen til dei som allereie er råka.