Vikaelva ved Grodås

Skal førebuast til 200-årsflaum

400 meter av Vikaelva ved Grodås sentrum skal sikrast mot ein 200-årsflaum. To bruer må forstørrast og forsterkast.

Skal sikrast: 400 meter av Vikaelva i Grodås sentrum skal sikrast mot ein 200 års flaum. Hornindalsordførar Stig Olav Lødemel forklarar at ein del av bygget i bakgrunnen er tiltenkt omsorgsbustader, men først må den vesle elva sikrast.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Hornindal kommune og NVE har invitert til folkemøte / informasjonsmøte 18. mars om kommande sikringstiltak av Vikaelva. Også Statens vegvesen og grunneigarar er inviterte til det opne møtet.