Takkar Røde Kors for god service

God hjelp: Linda Bøe og Per Eilert Ommedal forbarma seg over Anita og Helen Halbrend som grunna ei trafikkulukke på Byrkjelo ikkje rakk bussen i Stryn og fekk tatt seg vidare til Strandafjellet der helga skulle tilbringast saman med Hestehoven 4H.Her ein mellomstopp på Hotel Loenfjord. 

Nyhende

- Vi vil sende ein stor takk til Røde kors i Stryn, ved Hanne Heggdal, Per- Eiliert Ommedal, og Linda Bøe, seier Anita og Helen Halbrend frå Førde. Dei var på veg frå Førde til Stranda skisenter fredag ettermiddag. Der skulle dei møte Hestehoven 4H frå Eid.

- Men vi rakk ikkje bussen frå Stryn på grunn av bilulykka på Byrkjelo. Vi syntes det var ei skremmande oppleving. Men Hanne Heggdal hjalp oss å få kontakt med nokon som kunne hjelpe oss vidare. Sidan det byrja bli seint på kveld fekk vi rom på Loenfjord hotell. Vi fekk god service der, men hadde mest lyst til å kome oss vidare til Stranda, held dei fram.

- Til slutt tilbaud Linda seg å køyre oss i retning Stranda, og ved Muldsvor møtte vi ein av klubbrådgjevarane frå Hestehoven som kom oss i møte. Ho frakta oss trygt fram til hytta på Strandafjellet. Utan hjelpa og støtta vi fekk frå Røde kors, hadde det blitt veldig vanskeleg for oss, seier Anita og Helen, som ønskjer å nytte lokalavisa til å sende ein stor takk til hjelparane.