NSB og Nettbuss får nytt namn

Vy blir det nye namnet når NSB samlar tog- og bussverksemda under ei ny, felles merkevare. Endringa kostar 280 millionar kroner.

Styreleiar Dag Mejdell og konsernsjef Geir Isaken i NSB framfor eit tog dekorert med den nye logoen.   Foto: Foto: Berit Roald / NPK

Styreleiar Dag Mejdell og konsernsjef Geir Isaken i NSB framfor eit tog dekorert med den nye logoen.   Foto: Foto: Berit Roald / NPK

Nyhende

Det nye namnet vart gjort kjent på ein pressekonferanse på Oslo Sentralstasjon tysdag formiddag.

Vy er eit skandinavisk ord som betyr utsyn, oversyn, utsikt eller bilde av. Du kan til dømes ha framtidsvyar, som betyr ambisjonar eller utsikter, opplyser NSB.

Gi reisande opplevingar

– Vy uttrykker at vi gir våre reisande opplevingar, bilde og utsikter. Vy er eit kort og enkelt namn som viser at vi er på veg inn i noko nytt. Vi har ein lang og stolt tradisjon som går heilt tilbake til 1883. Det bygger vi vidare på, seier konsernsjef Geir Isaksen.

– NSB-konsernet køyrer tog og buss i Noreg og Sverige og har Noregs største busselskap, Nettbuss. No koplar vi tog- og bussverksemda tettare saman, utviklar nye løysingar og gjer det endå enklare å velje ei miljøvennleg reise. Då treng vi ein ny, felles identitet. NSB er ikkje lenger eit dekkande namn på verksemda, seier styreleiar i NSB Dag Mejdell.

Ikkje lenger statsbanar

– Selskapet er ikkje lenger Noregs Statsbaner. NSB er no eitt av fleire togselskap som konkurrerer om å køyre tog. Vi eig ikkje toga, skjenene, signalanlegga eller stasjonane, men jobbar kvar dag for å gi kundane våre ei god reise. Eit nytt namn skal styrke konkurransekrafta vår i både tog og buss, fortset styreleiaren.

Forslaget til nytt namn vil bli behandla på ekstraordinær generalforsamling i NSB AS 22. mars. Når nytt namn er vedtatt, vil kundane til NSB og Nettbuss gradvis sjå ein ny utsjånad på tog, bussar og bybilar, ei felles nettside for tog og buss, og nye uniformer.

Godstogselskapet CargoNet, som er ein del av NSB-konsernet, beheld merkevara si.

Til NRK opplyser styreleiar Mejdell at endringa kjem til å koste 280 millionar kroner over ein periode på fire år.

Han garanterer likevel at det ikkje vil føre til auka billettprisar.