Vil auke bemanning for at to barn skal få barnehageplass

To tilflytta barn kan få tilbod om plass i Vikane barnehage, sjølv om det kostar kommunen 98.000 kroner til ekstra bemanning.

Skule og kulturutvalet diskuterte barnehageplassar: Fremst frå venstre: Leiar Sonja M. Øvre-Flo, Kåre Tonning, Kari Synnøve Muri, Randi Bjørset, Kari Kvåle Faleide, Else Brynestad Erdal (Utdanningsforbundet), Leiv Arne Skarstein Egset, Rune Holen og skule- og kultursjef Hilde Lødøen.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Det vedtok eit samrøystes skule- og kulturutval i Stryn på eit møte sist veke.