Oppløftande VM-bronse for Tarjei

- Eg er overlukkeleg over dette

Endeleg: Tarjei Bø tok ein gledeleg bronsemedalje på normaldistansen i VM.  Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Tarjei Bø stod fram som både familien og Norges beste løpar på normaldistansen i VM onsdag. Han slapp unna med berre ein bom på dei tjue skota, og sikra seg bronsemedaljen i knallhard kamp mot blant andre bulgarske Iliev og svenske Samuelson. Arnt Peiffer frå Tyskland var i eigen klasse, drygt minuttet føre med sine fire fulle hus.

Aukande snøvêr gjorde ikkje oppgåva enklare for Tarjei på den siste runden, der han hadde vel 13 sekund å ta att på bulgararen. Han tok inn forspranget i stigningane på første halvdel av sløyfa, men på siste del i dei lettare partia veksla det med tidelar i begge sin favør. Dessverre vart det fire tidel feil veg i mål. Men uansett ein svært oppløftande medalje for storebor Bø.

- Det var eit hardt løp, særleg mentalt. Eg er glad bomskotet kom tidleg, då kom eg i angrepssituasjon og eg likar meg best der, sa Tarjei til NRK etter løpet.

- Siste hundre metrane med glidstrekk var det ein del snø, og eg kom ingen veg. Men i dag er eg litt likegyldig om det vart sølv eller bronse. Eg er overlukkeleg over dette, stråla han.

For Johannes vart det tre bom, der to kom på den første ståande serien. Han var aldri i posisjon til medaljane etter det. Men ein flott siste ståande serie var derimot godt å ha med seg vidare til singel-mix stafetten i morgon.

- Eg syntes eg er veldig nære. Eg er inne på noko og ei fin oppleving med eit fullt hus på ståande, sa ein etter resultatet svært nøgd Johannes.

- Og i dag er eg stolt lisjebror til Tarjei, smilte han.