Sport und Spaß med VM-fokus og fotballpreik

Klare til sending nummer fem: F.v. Roy Aron Myklebust, Frank Hool og Thomas Thaule.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Det er duka for den femte sendinga av lokalsportmagasinet Sport und Spaß. Thomas Thaule, Frank Hool og ein friskmeldt Roy Aron Myklebust er tilbake i Radio Stryn onsdag kveld kl 20.30.

Med to brør Bø i aksjon i VM i skiskyting blir det sjølvsagt ekstra fokus på dette i onsdagens sending. Når Sport und Spaß går på lufta veit ein også utfallet av dagens normaldistanse i Östersund. Kanskje blir det grunn til å feire?

Hovudgjest

I studio kjem eldstebror Bø, Rasmus Endre. Vi høyrer korleis han opplever å vere ein del av "verdas beste skiskyttarfamilie" og vil også høyre om hans eige forhold til idrett.

Landslagstrenar for skiskyttarane, Egil Kristiansen, blir også med på telefon frå VM-byen. Vi ringer óg opp Jarle Midthjell Gjørven og høyrer korleis den tidlegare lagkameraten og rivalen til Johannes opplever Bø-suksessen.

Nok ein sprek Bø-ar: Rasmus Endre Bø satsa aldri skiskyting som dei yngre brørne, men er sprek så det held. Han har løyperekorden på Strynemila.  Foto: Leif Vinsrygg

 

Frå arkivet

Frå sportsarkivet har vi leita fram Eline Fannemel. Eit stort skiskyttartalent frå Hornindal, og søster til hopparen Anders Fannemel. Vi mimrar saman med den no 33 år gamle EM-medaljøren frå 2008.

Fotball

Men det blir også rom for fotball. I Sverige har ein kar frå Loen gjort det godt i fleire år. Mats Solheim spelar på Hammarby i Stockholm. Der er årets cup i gang og ein ny sesong bankar på døra.

Og i Kveldens blodfan får vi besøk av politibetjent Eirik Krossen. Stiller han i uniform eller Tottenham-drakt, skal tru?