Dagsturhytta i Hornindal

Tilrår ekstra tilskot

Dagsturhytta blir dyrare

Uferdig Dagsturhytta i Hornindal ligg like ovanfor Nakkebruna. Den kom på plass i oktober, men er enno ikkje ferdig  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Dagsturhytta i hOrnindal kom på plass ved Nakkebruna 31.oktober i fjor. Opphavleg hadde prosjektet ein kostnad på ca. 600.000 kroner, der finansieringa var delt mellom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, spelemidlar, og mva- refusjon. Av saksframlegget kjem det fram at endringar undervegs har ført til auka kostnadar som er no har kome opp i 728.703 kroner.

Ifølge saksaframlegget skuldast dette endra dimensjonering av hytta, auka material- og arbeidskostnader, auka vekt og auka kostnader med helikoptertransport.

- I tillegg til kjem kostnader med skogshogst, grunnarbeid, transport (bil og helikopter), arbeidskostnader (Hornindal kommune) og diverse mindre kostnader, totalt kr. 883 395, inkl. mva. Dagsturhytta slik ho står i dag er halvferdig, utan mellombels bruksløyve eller ferdigattest. For å få avslutta prosjektet og teke hytta i bruk må følgjande på plass; Treplatting rundt hytta, Utedo aust for hytta, Solcellepanel for lys og varme og sikringsgjerde ved Nakkebruna, heiter det i sakframlegget

Det leggast til grunn at tildeling av eventuelle spelemidlar fordrar ein godkjent finansieringsplan til fylkeskommunen innan 15. mars.
- Etter 01.01.2020 er Hornindal del av Volda kommune, og evt manglande spelemidlar til dagsturhytta vil då måtte konkurrere med andre prosjekt i Volda kommune, poengterar rådmannen.

Det går fram at kommunen har invitert næringslivet til å ta del i finansieringa av dagsturhytta.

- Kor mykje vi kan få inn i gåver er førebels uvisst, og endeleg finansieringsplan med søknad om tilleggsløyving vil først kunne leggjast fram på formannskapsmøtet. Også dugnad utgjer ein viktig føresetnad for gjennomføring av prosjektet og vi håpar at bygdefolket ser verdien av dette og vil bidra med dugnadsarbeid når spørsmålet melder seg, skriv rådmannen som tilrår følgande framlegg til vedtak:

1. Hornindal kommune løyver eit ekstra tilskot til prosjekt Dagsturhytta på inntil 220.000 kroner
2. Finansiering ved bruk av disposisjonsfond
3. Vedtaket er fatta i medhald av Kommunelova sin §13.

Hornindal formannskap handsamar saka torsdag