Kari Løvendahl Mogstad heldt foredrag på Stryn Bibliotek:

Å vere storbarnsforeldre

Lege og fembarnsmor Kari L. Mogstad meiner at foreldra bør involvere seg mest mogeleg i borna sine liv og lære dei at ulike kroppar er heilt naturleg.

Råd: Foredragshaldar og forfattar Kari L. Mogstad har skrive boka «Kroppsklemma» der ho prøver å gje råd til korleis foreldre kan vere gode rollemodellar for born og unge i eit kroppsbevisst samfunn.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

– Vi lever i eit samfunn som blir meir og meir kroppsfiksert, og det er ikkje enkelt å vite korleis ein skal forhalde seg til det konstante kroppspresset. Det er stor forskjell på å vere ung i dag samanlikna med då vi som foreldre var unge, sa Mogstad.