Åtvarar mot svindel

  Foto: arkiv

Nyhende

Politioverbetjent ved Stryn og Hornindal lensmannskontor, Lasse Trosdahl, åtvarar folk mot å la seg lokke av store pengebeløp dei kan få tilbod om.

– Folk i distriktet har fått brev på engelsk der det blir lokka med store beløp i dollar dersom ein oppgir kontonummeret sitt. Vi oppmodar om at ein ikkje responderer på dette. Det gjeld også om ein får e-post eller blir oppringt på telefon. Får folk telefon om dette må dei berre legg på, seier Trosdahl.