VM-stemning, mimring og fotballpreik:

Høyr den femte sendinga av Sport und Spaß

Glade gutter: Rasmus Endre Bø gler seg over brørne sin suksess i VM og Eirik Krossen fortel om sin lidskap til Tottenham i vekas Sport und Spaß.  

Nyhende

Med to brør Bø i aksjon i VM i skiskyting og ferske medaljar er det sjølvsagt ekstra fokus på dette i onsdagens sending.

I studio kjem eldstebror Bø, Rasmus Endre. Vi høyrer korleis han opplever å vere ein del av "verdas beste skiskyttarfamilie" og vil også høyre om hans eige forhold til idrett.

Landslagstrenar for skiskyttarane, Egil Kristiansen, blir også med på telefon frå VM-byen. Vi ringer óg opp Jarle Midthjell Gjørven og høyrer korleis den tidlegare lagkameraten og rivalen til Johannes følgjer VM-suksessen.

Frå sportsarkivet har vi leita fram Eline Fannemel. Og kveldens blodfan er Tottenham-supporter Eirik Krossen.