Ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Med oppbretta ermar for småbøndene

Den nye leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner tørken i fjor fekk heile landet til å skjønne kor avhengige me er av norsk matproduksjon. No skal Kjersti Hoff snart inn i si første jordbruksforhandling for å kjempe for gode forhold for småbrukarar og bønder.

Ny leiar: Kjersti Hoff, ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, skal for første gong vere med i jordbruksforhandlingane i vår.  Foto: Johanne Flottorp / NPK

Nyhende

– Klimautfordringa er ei felles utfordring. Me må sikre at me har nok mat til folket – også i framtida, seier Kjersti Hoff, som i november blei valt til ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Ho har lang fartstid i landbruket, både som bonde og politisk engasjert. I 30 år har ho og mannen drive ein gard med mjølke- og kjøtproduksjon i Løten i Hedmark, men ved nyttår tok neste generasjon over drifta.