Utset barnehageopptak til etter avklaring om Loen

Saka om det kan opprettast fleire barnehageplassar i Loen, skal opp i kommunestyret tysdag 26. mars. Etter at dette er på plass, kan ein fordele plassar i Loen, Olden og Stryn sentrum. 

Nyhende

Barnehageopptaket i Loen, Olden og Stryn sentrum blir utsett til slutten av månaden.

Alle barn som har rett på barnehageplass vil få plass, men først etter 26. mars kan vi fastsette kva barnehage dei vil få plass i. På grunn av stor søknad til Loen barnehage, skal administrasjonen sjå på om der kan opprettast fleire barnehageplassar i Loen barnehage.

Saka skal opp i kommunestyret 26. mars. Vi har samordna opptak i Stryn kommune, og sidan kapasiteten i Loen barnehage har verknad for både Olden og Stryn sentrum, må vi utsette opptaket for desse barnehagane til etter handsaminga i kommunestyret 26. mars, melder Stryn kommune på nettsida si.