Junior-NM skiskyting

Martin Aaland, Hardbagg/Stryn vgs, deltek i junior-NM i skiskyting.  Foto: Nordfjord Team (arkiv)

Nyhende

I helga er det junior-NM i skiskyting i Orkdal.

Fredag er det fellesstart, medan sprint står for tur laurdag. Søndag er det stafettar på programmet.

Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg/Stryn vgs, ligg på 2. plass i norgescupen, medan Bendik Vereide, Stårheim/Stryn vgs ligg på 7.plass i sin klasse. Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Stryn vgs ligg på 8. plass, og Martin Aaland, Hardbagg/Stryn vgs, på 14. plass.