Dagens leiarartikkel:

Meir om skredvarsling

Guridalen: Flakskred utløyst av skikøyrar laurdag. Dette var eitt av minst tre skred i same område laurdag.  Foto: Merete Alsaker Flø

Med felles mål om å unngå at folk skal bli tekne av skred, er det fornuftig å reflektere over det som vart gjort og kva som skjedde

Nyhende

I etterkant av dei mange snøskreda i Nordfjord og på Sunnmøre i helga, har debatten gått om skredvarslinga er god nok. Faktum er at varsom.no meldte skredfarevarsel 2, som er moderat, både i indre Fjordane og på Sunnmøre laurdag. Ein dag det vart løyst ut sjeldan mange snøskred i mange fjellområde, og der det eine skredet tok liv.