Stengjer Singerheimen i sommar

- Trist at Singerheimen i Olden blir stengt i heile sommar, meiner ordførar Sven Flo.  Foto: Arkiv

Nyhende

Sven Flo kunne i formannskapet fortelje at Singerheimen i Olden vil vere stengt komande sesong.

– Fylkeskommunen melde til stiftinga at dei kan gjere som dei vil, og selje Singerheimen på den opne marknaden. Men så har fylkeskommunen kome att og bremsa prosessen. Blant anna engasjert riksantikvaren om freding. Singerheimen blir ikkje open i sommar, og stenger denne sesongen. Det er trist, sa Flo.