Utandørs kino i Hornindal

Utandørs: På denne veggen blir det montert eit kinolerret på 6x13 meter.   Foto: Hans Holmøyvik (arkiv)

Nyhende

Neste laurdag er det duka for utandørs kino i Hornindal.

– Då inviterer vi til ein utradisjonell kinooppleving når bygdekinoen kjem og viser Captain Marvel, seier Svein Otto Espe.

På Honndalshallen skal det nemleg monterast eit lerret på 6x13 meter, og Espe håpar at mange vil ta turen for å oppleve dette.

– Ein utandørs kino av dette formatet trur eg ikkje har skjedd i området her før, seier Espe. Han oppmodar folk om å ta med seg campingstol, varme kle og kanskje til og med sovepose slik at ein held varmen.

– Blir det nedbør og mykje vind vil kinoen bli vist innandørs, fortel Espe. Det er aldersbestemt fotball i bygda som arrangerer utekinoen.

– Alt blir gjort på dugnad, avsluttar Espe.