Stryn Rando 3000:

Klar for spenstig Rando-helg i Stryn

– Arrangementet skal løfte fram Stryn som ein vintersportsstad, og det føler eg vi har lukkast med, seier Johan Olai Svidal. Neste helg skal den fjerde utgåva av Stryn Rando setje sitt preg på Stryn.

Stryn Rando 3000: Arrangementet går av stabelen for fjerde gong neste helg, og arrangøren håpar på 120 deltakarar Ein kan berre håpe på slike forhold som på dette biletet.   Foto: Stryn Rando 3000

Nyhende

Stryn Rando 3000, som omtalar seg som den råaste skialpinist-konkurransen i Norge, er no å rekne som ein tradisjon i Stryn. Det spenstige arrangementet samlar topptur- entusiastar og konkurranseløparar til eit unikt skiarrangement med to ulike renn i Stryn Rando 3000 og turklasserennet Stryn Rando Classic.