Dagsturhytta vert dyrare:

Droppar utedo

Ei rekkje faktorar har ført til kostnadsauke av dagsturhytta i Hornindal

på Ytrehornsnakken: Dagsturhytta i Hornindal ligg like ovanfor Nakkebruna med utsikt ned til Grodås og Hornindalsvatnet. Den vart sett opp i oktober, men er framleis ikkje ferdig.   Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Dagsturhytta i Hornindal kom på plass ved Nakkebruna 31. oktober i fjor, men står framleis uferdig.
Hornindal formannskap hadde eit ekstraordinært møte om hytta torsdag då det hasta med å få på plass ein godkjend finansieringsplan. Det er ein betingelse for at den kan søkjast om spelemidlar til prosjektet.