Fannemel hoppar i Planica

Inne i varmen: Anders Fannemel fekk tillit og er med til Planica.   Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Anders Fannemel er med når verdscupen i hopp avsluttar med skiflyging.

– Anders skal vere med til Planica ja, stadfesta hoppsjef Clas Brede Bråthen til Fjordingen tysdag.

Spor av framgang

Fannemel, som har slite tungt med å få det til å stemme i hoppbakken denne sesongen, satsar på å gjere ein god figur i sesongavslutninga i mammutbakken i Planica.

– Eg skal prøve å skvise ut nokre gode hopp no på tampen av sesongen, seier Fannemel til Fjordingen.

– Det var nokre gode tendensar i Vikersund sist helg?

– Det var greitt der, det fungerte betre enn det har gjort tidlegare. Men eg klarte ikkje heilt å få til den progresjonen i løpet av helga som eg hadde håpa på, meiner honndølen.

Kvalifiseringa går torsdag. Individuelle renn er fredag og søndag, medan det er lagkonkurranse laurdag.