1,4 poeng frå deltaking

Marginar: Anders Fannemel hadde ikkje marginane med seg i Planica.   Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Det har ikkje vore Anders Fannemel sin sesong i hoppbakken. Torsdag var han berre 1,4 poeng frå å kvalifisere seg til skiflygingsrenna i Planica.

Verdscupen i hopp avsluttar sesongen med skiflyging i Planica denne helga. Med 208 meter i kvalifiseringa torsdag vart honndølen nummer 42, berre 1,4 poeng frå å vere blant dei 40 som får hoppe fredagens individuelle renn. Med fire nordmenn framføre seg på lista heng også lagkonkurransen laurdag i ein tynn tråd for Fannemel.

Fannemel er heller ikkje blant dei 30 beste i verdscupen som får hoppe i det siste rennet på søndag.