Johannes vil avslutte med stil

Ein lang sesong for skiskyttarane blir avslutta i Holmenkollen denne helga.

Kollen: Søndag vil Johannes Thingnes Bø få «krystallkula» som bevis på at han vore den beste skiskyttaren denne sesongen.  Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

At Johannes Thingnes Bø allereie har vunne verdscupen samanlagt vart klart under VM. Dermed har stryningen nådd det som var sesongens store mål før verdscupavslutninga i Holmenkollen.

Landslagstrenar Egil Kristiansen melder om to meir enn klare stryningar på startstreken i dei tre avsluttande renna i nasjonalanlegget.

– Greier de å halde motivasjonen oppe no etter VM?

– Ja, det verkar slik. Både Tarjei og Johannes er veldig innstilte på å halde trykket oppe heilt til vi er ferdige på søndag, seier Kristiansen til Fjordingen.

– Med den gule samanlagt-trøya i boks kan vel Johannes berre nyte desse siste renna?

– Han har jo oppnådd målet sitt, så no er alt bonus. Men han ønskjer nok å vise heimepublikummet kven som har vore best denne sesongen, seier Kristiansen.

Også Tarjei Bø er inne på topp ti-lista samanlagt før verdscupavslutninga i Holmenkollen. Tarjei ligg førebels på 9. plass.

Med sprint fredag, jaktstart laurdag og fellesstart søndag ligg det an til ein spennande verdscupavslutning i Holmenkollen.