3. divisjon handball:

Siste heimekamp for Stryn

Siste heimekamp: Styn møter Jotun i sesongens siste heimekamp laurdag.  Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Stryn sine handballdamer møter Jotun i sesongens siste heimekamp i 3. divisjon.

Med fem strake tap for Igor Dokmanovic sitt mannskap er det nest siste sjanse for å ta poeng denne sesongen. På motsett banehalvdel laurdag står eit Jotun i poengnød og som har kniven på strupen etter tapet mot nedrykksrival Gloppen i siste kamp.

Stryn har hatt ein nedadgåande kurve etter jul der berre kampane mot Gloppen (siger) og Tertnes (uavgjort) har gitt poeng.

– Situasjonen er ikkje bra. Vi har lite folk på trening og den siste månaden har vi vore inne i ein dårleg periode der det er mykje som ikkje stemmer, kommenterte trenar Igor Dokmanovic etter tapet mot Fyllingen 2 førre helg.