Sogn og Fjordane Husflidslag:

Satsar på haldbar husflid framover

Nyhende

- Norges Husflidslag sitt satsingsområde framover er haldbart. Målet er at det skal vise moglegheitene som tradisjonshandverk og materialkunnskap gir på vegen mot eit meir ansvarleg forbruk. Å lage og reparere ting og utnytte ressursane som ligg i det vi omgjev oss med. Dette vil vise att i aktivitetar både i fylkeslaget og i lokallaga rundt om i fylket, fortele Sogn og Fjordane Husflidslag i ein uttale.

Fylkeslaget hadde nyleg årsmøte, og då vart 50- årsjubileum markert.

Laget hadde saman med husflidskonsulenten i fylket laga ei flott strikkeutstilling. Her fekk ein sjå gamle og nye strikka plagg.

Under festmiddagen laurdag kveld fekk Åshild Dombestein tildelt Norges Husflidslag sitt heidersmerke for m.a. sitt arbeid med å designe fylkesvotten.

Marit Andersen held fram som leiar for laget. Med seg i styret har ho Marita Røyset, nestleiar, Inger J. Henden, Maj B. Brendstuen og Marit M. Berge.