Stryn borte mot Førde i cupen:

- Ei fin utfordring

Førde neste: Marius Rauset og Stryn skal etter sigeren over Eid opp mot Førde på bortebane i andre kvalikrunde i cupen.  Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Nyhende

Etter 4-1 sigeren over Eid i cupen søndag er Stryn sett opp mot Førde i andre kvalikrunde.

- Borte mot Førde ser eg på som ei fin utfordring, seier Stryn sin trenar Geir Inge Rake. Han seier vidare at det skal bli spennande å  sjå korleis Stryn ligg an i forhold til eit av dei antatt beste laga i årets Kretsliga.

Rake er også lysten på å nå første ordinære runde i årets cup:

- Det hadde sjølvsagt vore kjekt å kome seg vidare til 1. runde og fått eit eliteserielag eller eit lag frå OBOS-ligaen på Stryn stadion.