Hornindal og Markane Skyttarlag:

Vellukka skifelt-NM

Skiskyttaren Ole Martin Erdal frå Førde og Kristin Våga Fløttum frå Skaun vart norske meistrar både på sprint og normaldistanse under NM i skifeltskyting i Hornindal i helga.
Nyhende

Det var eit lite skår i gleda for arrangøren at det var første NM utan Kongepokal, men den store pokalen frå Handelsbanken var godt vederlag i tillegg til medaljedryss og pokal frå Forsvarssjefen.