Strynejenter vidare i cupen

Vidare: Stryn jenter 16 er vidare i cupen. Olivia Wemby og Marie Johannsdottir scora for Stryn mot Førde.   Foto: Privat

Nyhende

Stryn fotball sitt jenter 16-lag avanserte til første ordinære runde i cupen etter ein høgdramatisk kamp mot Førde onsdag.

Det første oppgjeret mellom laga enda 1–1 på Stryn stadion for godt 14 dagar sidan. Returkampen i Førde vart særs spennande, og stillinga var 2–2 då dommaren bles av kampen. Dermed går Stryn vidare på bortemålsregelen. Ein sterk prestasjon av Stryn når ein tenkjer på at laget er sett saman av spelarar fødde i 2003, 2004 og 2005.

Stryn fekk elles ein dårleg start på kampen i Førde, og heimelaget sette inn 1-0 før minuttet var gått. 1-0 var også pauseresultatet.

I 2. omgang utlikna Olivia Wemby etter eit godt frispark frå Emma Sæbø. Førde tok på ny leiinga, men Marie Johannsdottir skapte balanse i rekneskapen med si 2-2 scoring. Etter mange minuttar med overtid bles dommaren av kampen, og strynejentene kunne sleppe jubelen laus for avansement.

Stryn: Mia Kristiansen, Sofie Njøten, Emma Sæbø, Emma Njøten, Marie Johannsdottir, Selma G. Breivik, Malin E. Tjellaug, Hermine Kjøsnes, Joanna Øvre-Flo, Olivia Wemby, Tirild Stenaker, Vilde Flo Kandal, Adele M. Rustøen. Anna Tytingvåg, Amelia T. Ytreeide, Maren H. Olsen, Nora O. Skrede, Rebecca Tvinnereim og Selma S. Veamyhr var med i det første oppgjeret.