UKM-festivalen i Vågsøy til helga:

– Mykje kjekt ventar deltakarane

– Vi har jobba lenge med å førebu helga. Vi har ansvar for det sosiale og skal arrangere både jam og ulike konkurransar for deltakarane, fortel Rakel Sørhaug og Frida Bjørnereim i Ungdommens ressursgruppe S&Fj.   Foto: Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Nyhende

Blitz frå Fjaler, Hans Høie frå Gulen og konferansier Camilla Liseth frå Selje er nokre av ungdommane i Nordfjordhallen i helga. Då er det nemleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.

I løpet av festivalhelga 29.–31. mars deltek ungdommane på sceneframsyningar og utstillingar som er opne for publikum. Unge konferansierar leiar framsyningane, og i kulissane er det mange unge arrangørar. UKM Media har ungdommar frå kommunane og medielina ved Sogndal vgs.

Rakel Sørhaug og Frida Bjørnereim i Ungdommens ressursgruppe (URG) Sogn og Fjordane gler seg til festivalen.

– Vi har jobba lenge med å førebu helga. Vi har ansvar for det sosiale og skal arrangere både jam og ulike konkurransar for deltakarane, fortel dei i ei pressemelding frå arrangørane.

Laurdag og søndag blir det workshop i dans og improteater, låtskriving, sceneopptreden og målekunst. Heilt nytt er workshop i E-sport.

Eit fagpanel skal plukke ut 30 ungdommar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonal UKM-festivalen i Stjørdal i juni.

Innslaga og utstillingsarbeida som blir plukka ut, skal representere breidda av ung kultur i fylket. UKM-festivalen er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Vågsøy kommune.

Ein stor gjeng med deltakarar frå Stryn og Hornindal kan dermed sjå fram til ei kjekk og sosial helg i Måløy.