Skiskyting:

NM del 2 og norgescupfinale

NM: Tarjei Bøstiller på startstreken når NM del 2 i skiskyting blir arrangert denne helga.  Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Skiskyttarane avsluttar sesongen på Ål i Hallingdal der NM del 2 samt norgescup går av stabelen i helga.

Fredag går mellom anna normaldistanse for seniorane der det også skal kjempast om kongepokalen. Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø er påmelde til NM-helga.

I tillegg deltek fleire av våre lokale skiskyttarar på aldersbestemt nivå i helga. Fleire av dei kjempar om gode plasseringar i norgescupen samanlagt. Det er dei 30 beste gutane og dei 20 beste jentene i samandraget i norgescupen som får delta i finalen.

Frå Sogn og Fjordane er følgjande løparar kvalifisert:

K17: Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg/Stryn vgs (2. plass) og Ingrid Heggen, Stårheim/Stryn vgs (20. plass)

M17: Bendik Vereide, Stårheim/Stryn vgs (9. plass)

M18: Martin Aaland, Hardbagg/Stryn vgs (17. plass)

M19: Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Stryn vgs (12. plass)