3. divisjon handball:

Avslutta med tap

Tap: Stryn tapte siste seriekampen mot NHHI.  Foto: Andreas Nesje

Nyhende

Stryn sitt 3. divisjonslag i handball for damer spelte siste seriekamp borte mot NHHI laurdag. Kampen gjekk i Sotra Arena som ein del av den felles avslutningsrunden for laga i divisjonen.

Stryn hamna tidleg bakpå mot studentane frå NHHI, og det vart fort ei luke på tre-fire mål. Stryn klarte ikkje å tette att bakover, og avstanden i målprotokollen auka gradvis inn mot pause. Stryn, som stilte med berre to innbytarar, låg under 19-11 til pause.

Avstanden heldt seg utover i 2. omgang, og då sluttsignalet gjekk stod det 32-24 til NHHI.

Terese Vik Nygård og Abigail Buntu vart Stryn sine mestscorande med seks mål kvar.

Stryn enda til slutt på 8. plass på tabellen med 13 poeng. Laget vann seks kampar, spelte ein uavgjort og tapte 11 kampar i løpet av sesongen.