Avsluttar sesongen med NM

Sesongavslutning: Anders Fannemel avsluttar sesongen med NM i helga.   Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

NM hopp i normalbakke blir arrangert i helga. Anders Fannemel har ikkje så store forventningar.

– Eg har ikkje så altfor store forventningar, men det hadde vore greitt å få til nokre gode hopp, seier Fannemel til Fjordingen.

Skal legge plan for neste sesong

Honndølen er glad for at den trøblete sesongen no er over:

– Eg kjenner at lufta har gått litt ut av meg etter at eg har fighta for å finne formen i heile vinter. Så dette rennet (i Midtstubakken journ. anm.) blir punktum ja. Så får eg bruke pausen på ei god evaluering og deretter legge ein god plan for neste sesong.