Sjuandeplass i normalbakke-NM

Anders Fannemel vart nummer sju i normalbakke-NM.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Anders Fannemel vart nummer sju då NM i hopp normalbakke gjekk av stabelen laurdag.

Honndølen fekk opp 96 meter i Midtstubakken i første omgang. I andrehoppet slo han av to meter og landa på 94 meter.

Thomas Aasen Markeng frå Lensbygda vart norsk meister med hopp på 106 meter og 103 meter. Robert Johansson frå Søre Ål og Halvor Egner Granerud frå Asker Skiklubb delte sølvet.