- Vil du syngje duett med STAUT?

STAUT håpar at nokon melder seg til å synge ein duett med bandet når dei har konsert i kulturhuset laurdag i samband med Stryn Visefestival  Foto: STAUT

Nyhende

STAUT søkjer etter ei lokal jente eller dame som vil vere duettpartnar til ein av låtane på konserten i kulturhuset laurdag kveld.

– Vi har ingen kriterium for kven som kan melde seg på, men det bør vere ei dame, sidan det vil kle duetten best. Alle som vil må berre sende inn lydbidrag på Facebook-sida til bandet. Dette skal berre vere moro, så ingen grunn til å ta det altfor høgtidleg, seier Gaute Lein i bandet.

Den som blir plukka ut til å syngje, vil bli kontakta av bandet. Konserten er ein del av Stryn Visefestival som finn stad i helga.