STAUT på Stryn Visefestival:

- Vil vise publikum ei litt anna side

Det blir ein annleis konsert når bandet STAUT stiller i akustisk drakt på konserten i kulturhuset på Stryn Visefestival laurdag.

Folkrock frå valdres: – Vi gler oss veldig til å spele i Stryn kulturhus laurdag, og vise oss fram frå ei litt anna side, seier Gaute Lein og resten av STAUT, Asle Tronrud, Ørnulf Dyve, Dag Arve Sandnes, Frode Flatland og Torgeir Bolstad.   Foto: Michaela Klouda

Feiande flott folkrock frå gjengen frå Valdres

Nyhende

– Staut har jo spelt ei rekkje konsertar i Sogn tidlegare, men vi har aldri vore i Stryn før. Så dette gler vi oss veldig til. Publikumet i Sogn har jo alltid stilt opp mannsterke og lydhøyre, så eg reknar med at Stryn ikkje er noko unntak her, seier Gaute Lein i folkrock-bandet STAUT.