- Gler meg stort til å spele i Stryn

Frida Ånnevik er ein av mange artistar som ser fram til Stryn visefestival.

Frida Ånnevik: Musikaren har vunne fleire spellemannsprisar i visekategorien. Singlane «Søtten år» og «Elv» kjem på det komande albumet hennar til hausten. – Eg tar med meg eigne låtar og nokre nye som eg har lånt og gjendikta av andre, seier Frida Ånnevik om konserten i kulturhuset fredag.   Foto: Presse

Nyhende

Musikaren og komponisten frå Rindabu ved Hamar har hovudkonserten i Stryn kulturhus fredag 5. april.

– Eg gler meg stort! Eg har ikkje spelt i Stryn før. Eg spelte i Sogndal i haust, det blir vel den næraste i dette distriktet, seier Frida Ånnevik.

– Kva slags konsert kan folk forvente fredag kveld?

– Eg tar med meg eigne låtar og nokre nye som eg har lånt og gjendikta av andre. Ein av dei er «Søtten år» som eg gjorde på TV2 i fjor og på Lindmo i januar. Stas blir det uansett, seier den kritikarroste artisten, som har fleire spellemannsprisar i visekategorien.

Ho legg til at det er bra ho endeleg får vere litt i Stryn, sidan dette er ein stad ho ofte køyrer forbi på veg til sommarferie. Ho håpar mange kjem, og det gjeld alle som skal spele.

– Alle artistane gler seg til helga, og håpar å få spele for fulle hus, seier Torstein Tvinnereim. Det er framleis ledige billettar begge kveldar, så det er berre å hive seg rundt og oppleve totalt 11 dyktige band og artistar fredag og laurdag.

Dei to hovudkonsertane i kulturhuset er Frida Ånnevik fredag og STAUT laurdag.

Begge kveldar blir det mange konsertar spreidde på Isehaug Kafeteria, Stryn Vertshus og Visnes Hotel med følgjande artistar:

Unni Wilhelmsen, Olav Stedje, Knut Anders Sørum, Odd Erik Lothe, Gina Agathe, Stevia, Anne Martha trio, Verdsmannen Thorbjørnsen og Odd & Frid.

I tillegg står to gratiskonsertar på programmet laurdag: Barnekonsert på biblioteket og familiekonsert i kulturhuset.