– Det ligg mykje i potten

Første hinder passert: Stryn slo Eid 4–1 i første kvalikrunde til NM-cupen. Mads Wie scora to mål, Marius Rauset eitt og Rasmus Skaare Tjellaug eitt. No er Førde neste motstandar.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Stryn tek turen til Førde på søndag og andre kvalikrunde i cupen. Eit avansement for Stryn har høg prioritet.

Stryn har ikkje kome seg forbi dei kvalifiserande rundane på nokre sesongar, og lysta på å få eit eliteserielag eller OBOS-ligalag til Stryn stadion i første ordinære runde er stor.

Trenar Geir Inge Rake seier at laget han kjem til å stille vil vere tilnærma likt det han hadde i 4–1 sigeren over Eid:

– Stian Olsbø og Tanel Melts er framleis ute, medan Håvard Kroken må testast før kamp. Vegard Sæten Hopland slit framleis med lysken.

Mads Wie kom inn frå benken då Stryn spelte mot Eid i første kvalikrunde. Wie kvitterte med to scoringar i comebacket sitt, og glopparen vil utan tvil vere ein spelar Førde må sjå opp for.

Eit avansement til første ordinære runde vil vel bety mykje for Stryn?

– Sjølvsagt. Her har vi mykje å spele for, det ligg mykje i potten i eit eventuelt avansement, seier Rake. Førde, som rykte ned til Kretsligaen etter førre sesong, er rekna å vere i toppen i serien i år. Såleis er denne kampen ein god test på kor langt Stryn er komne i sesongførebuingane.