NM Bogeskyting

Hogrenning slo til med NM-tittel

Meister: Jan Ove Hogrenning (t.v.) synte i helga at han framleis er å rekne med blant dei fremste bogeskyttarane. Han vann sin klasse i NM føre Håkon Håkonsen (t.h.)  Foto: Odd martin Mørk

Nyhende

I helga var landets bogeskyttarar samla i Førdehuset til NM. Der skulle ein tidlegare toppskyttar frå Loen Bogeskyttarklubb igjen klatre til topps på pallen.

Jan Ove Hogrenning, som skyt i herrar 50, synte gode takter allereie i den innleiande runden, som han vann føre tidlegare rival og kamerat Håkon Håkonsen. Dei to skulle også vise seg å bli dei to sterkaste når finalerundane var over.

I følgje lagkamerat Odd Martin Mørk, som sjølv fekk en sjetteplass i compound-klassen, gjorde Hogrenning ein svært god konkurranse.

- Han skyt omtrent på likt nivå med dei beste i landet, seier ein imponert Mørk.