I dag var det Inger sin tur på Liatoppen

God helg: Inger Hjelmeset, Markane IL, i flott driv på Liatoppen. Ho fekk ein 1. og 3. plass individuelt, samt andreplass på stafetten.   Foto: Markane IL

Nyhende

Løparane frå Nordfjord, og då særleg jentene, har hatt ei knallhelg i den storstilte skisyttarmønstringa på Liatoppen i Hallingdal. I dag følgde Inger Hjelmeset (13), Markane IL, opp Ann Kristin Aaland sin siger laurdag. Hjelmeset vann jenter 13 år med sju sekund.

I klassen jenter 16 år vart det ny topplassering på Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL. Ho fekk ein flott 5.plass i det sterke selskapet. Emilie Flo Stavik vart her nummer 13.

Gårsdagens vinnar i jenter 15 år, Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL, gjekk eit nytt godt løp og vart nummer åtte. Også lagkamerat Eirik Stensaker Tvinnereim fekk til eit sterkt løp og vart nummer 11 i gutar 14 år.

Eidaren Magnus Skeide Bakke held fram å imponere med ski og gevær. I dag vart det ny topplassering og 6. plass. Stårheim-løpar Kasper Mundal fekk her 13.plass.

Flotte plasseringar vart det også i 14-årsklassen for jenter. Her vart Mari Sofi Meland nummer 13 og Oddrund Hjelmeset Kirkeeide nummer 19.

RESULTAT LOKALE LØPARAR LAURDAG/SØNDAG:

Jenter 11 år:

16./ 14.Ronja Haughovd, Stårheim

43./ 28.Kristina Hanebrekke Hildenes, Stårheim 

50./ 44.Thea Elise Vereide Botn, Stårheim

Jenter 12:

14./ 8.Mia Melheim Espe, Stårheim

9./ 13.Era Samuline P. Borgund, Stårheim 

50./ 47.Thea Dispen Lødemel, Markane 

Jenter 13 år:

3./ 1.Inger Hjelmeset, Markane

5./ DNF Katrine Svarstad Heggdal, Markane

11./ 30.Oda Svarstad Hole, Markane

Jenter 14 år:

9./ DNF Sara Annie Bjørnhaug Aarnes , Markane

41./ 13.Mari Sofi Meland, Markane

10./ 19. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane

35./ 25.Frøya Haughovd, Stårheim

13./ 33.Ada Johanne Borgund, Stårheim

Jenter 15 år:

1./ 8.Ann Kristin Aaland, Hardbagg

25./ 28.Linnea Melheim Espe, Stårheim

Jenter 16 år:

2./ 5.Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane

14./ 13.Emilie Flo Stavik, Markane

23./ 18. Hedda Garlid Hilde, Markane

Gutar 12:

23./ 4.Magnus Ytre-Hauge Ivesdal, Stårheim

51./ 40.Rasmus Loen, Markane 

74./ 75.Samuel Myklebust, Stårheim

Gutar 14 år:

20./ 11.Eirik Stensaker Tvinnereim, Hardbagg

29./ 18.Torje Seljeset, Markane

Gutar 13 år:

27./ 25.Jonas Rand Hopland, Hardbagg

19./ 63.Esekiel Henden, Eid 

Gutar 15 år:

30./ 16.Trygve Myrold, Stårheim

Gutar 16 år:

3./ 6.Magnus Skeide Bakke, Eid

13./ 13. Kasper Mundal, Stårheim.

12./ 47. Tord Sølvberg, Hardbagg

70./ 76.Sondre Roset, Hardbagg

88./ 71.Elias Dispen Lødemel, Markane


I tillegg stilte Nordfjordklubbane med fleire løparar i nybyrjarklassane. Desse vert ikkje rangert etter tid.

Jesper Svarstad Hole, Markane.

Samuel Henden, Eid.

Peder Ytre-Hauge Ivesdal, Stårheim.

Kornelia Trøsken, Markane.

Olina Svarstad Heggdal, Markane.

Ane Hjelmeset Kirkeeide, Markane.