Markering for Bø-brørne før påske

Kjem til Stryn: Tarjei og Johannes skal setjast pris på i Stryn kulturhus, onsdag før påske.  Foto: Odd Sindre Tonning

Nyhende

Stryn kommune planlegg storstilt markering for skiskyttarbrørne Tarjei og Johannes Thingnes Bø, onsdag før påskehelga i Stryn kulturhus.

- Vi ønskjer å gi noko tilbake for dei fantastiske opplevingane denne sesongen. Vi meiner vi må gi dei honnør for innsatsen og den fantastiske marknadsføringa dei gjer i høve skiskyting og framtidig rekruttering, men også for heimkommunen, seier ordførar Sven Flo.

Arrangementet er ope for alle og er eit samarbeid mellom Markane IL og kommunen. Det blir lagt opp til ulik aktivitet i kinosalen med litt heider og utdeling av gåver, talar, musikalske innslag og servering.

Flo fortel at det ikkje er berre enkelt å samle to aktive karar, men har fått hjelp av foreldra til å finne eit høveleg tidspunkt. Og då var det kjekt å få det til såpass nærme sesongslutt.

- Så håpar vi at sjølv om det er inngangen til påske så vil mange ta turen innom.